Dåp
Dåp
Dåp - vegen inn i kyrkja

Det skjer et under i kirken

større enn verden vet. 
Barnet får del i Guds rike,
svøpt i hans kjærlighet. 
(Frå ”Det skjer et under i verden”, Gerd Grønvold Saue, S97 93)

Det er dåp. Namna til to små barn i kvite dåpskjolar vert nemnd for første gong i kyrkjerommet. Presten gjer korsteikn og auser vatn over hovudet til dei som vert døypte. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadene, men det er inga aldersgrense for dåp. Konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ønskjer dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmer i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte – den universelle kyrkja.

Dåpen har tradisjonar heilt tilbake til urkyrkja. I Noreg står tradisjonen framleis sterkt. I 2008 vart det døypt 42 599 personar. Det gir ein dåpsprosent på 70,4 av årskullet. Her er link til fleire sider om dåp i Den norske kyrkja.


25. mars 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Solumkirkene Powered by Agrando